Søkelys på eigenberedskap

Eksempel på eigenberedskapslagerTenk igjennom kva farar og ulykker som kan ramme deg heime, og forbered deg best muleg. Dersom strømmen blir borte eller du blir isolert av veret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.

Verdas tryggaste – og likevel sårbar.

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare.

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar kan føre til at mange mister straum eller vatn, og det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir ramma av ei omfattande hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Om vi er mange som er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss under ei hending, kan vi sette inn hjelpa der behovet er størst. På den måten er vi ein del av beredskapen i Noreg.

Vi ber alle husstandar i Surnadal om å ta nokre enkle grep for å betre eigen beredskap.

I lenka under kan du lese brosjyren til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) der dei har lista opp grunnleggande ting du bør ha tenkt gjennom, og konkrete eksempel på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre døgn når ei hending oppstår.

 Du er ein del av beredskapen i Noreg-Råd om eigenberedskap

sikkerhverdag.no finn du DSBs råd og tips til eigenberedskap og førebygging av ulykker i heimen.

  • Brann og redning 110

  • Politi  112

  • Akutt medisinsk hjelp 113

  • Legevakt 116 117