Sommarprat med ungdommen

Vi har tatt ein prat med nokre av dei som har hatt sommarjobb i kommunen og fått høyre kva oppgåver dei har og kva dei synes om det å arbeide i kommunen.

Stangvik barnehage

Namn: Henrik Aasbø Kvande

Henrik Aasbø Kvande - Klikk for stort bilde

Kva er dine arbeidsoppgåver her på barnehagen?

Eg har fleire arbeidsoppgåver, men dei viktigaste er å halde auge med borna, leike med dei og passe på at alle har det bra.

Kva likar du best med å jobbe i barnehagen?

Det eg synes er artig er å spille fotball med borna, det er artig å leike med dei, og leike gjømsel.

Kva meir kan du fortelje meg om jobben?

Det er jo i hovudsak å passe på at ingen av borna skadar seg og rydde opp etter dei. Ungane synes det er veldig artig at det er sommervikarar på jobb, så ein blir litt sliten.

Teknisk drift

Namn: Marta Sofie Dannevig og Mohammed Albakri

Kva synes de om jobben som sommervikar i teknisk drift?

Vi synes det er artig. Tida går fort og arbeidet er greit.

Kva arbeidsoppgåver har de?

Vi gjer mykje forskjellig. Vi har klipt mykje plen og kantklipt og stelt litt rundt omkring og gjort diverse arbeid med det. No spylar vi vekk ugras frå murveggen og får den fin. Vi dreg mykje rundt heile kommunen og steller.

Korleis har arbeidsmiljøet vore? Har samarbeidet vore bra?

Tida har går veldig for fordi vi jobbar saman. Vi føler vi har jobba godt saman, og trives veldig med det.

Bu og Aktivitet

Namn: Emilie Lervik Vinje

Emilie Lervik Vinje - Klikk for stort bilde

Korleis har det vore å jobba som sommervikar på bu og aktivitet så langt?

Eg synes det har vore artig å vere med brukarane! Det er veldig koseleg å hjelpe dei med det dei treng hjelp med.

Kva er arbeidsoppgåvene dine?

Mine arbeidsoppgåver er å observere å passe på brukarane. Eg må hjelpe til med det som det trengs hjelp med. Det er det som er viktigast.

Føler du deg inkludert i arbeidsoppgåvene?

Arbeidsmiljøet er triveleg. Eg føler meg inkludert, og får bli med på det meste.

 

Sjukeheimen

Namn: Simon Iversen, Sander Svensli og Lasse Roaldset

Sommarjobb_Sjukeheimen - Klikk for stort bilde

Kva arbeidsoppgåver har de?

Vi alle jobbar på kjøkkenet der vi har oppgåver som å smøre mat og vaske. Ein kan og man få spesialoppdrag som for eksempel å selge is og diverse andre ting. Når vi ikkje har noko å gjere på kjøkkenet brukar vi tida med bebuarane.

Kva er det de likar best med jobben?

Det vi liker best med arbeidet er å snakke med bebuarane, og finne på ting med dei.

Føler de at de blir inkludert i arbeidet?

Vi syns samarbeidet med dei tilsette er bra, og at det er eit veldig godt og trygt arbeidsmiljø. Tida går fort når ein har mykje å finne på.

 

Heimetjenesta

Namn: Jostein Reiten og Edel Therese Karlsen

Sommarjobb_Heimtenesta - Klikk for stort bilde

Kva synes de om jobben som sommarvikar i heimetjenesta?

Det har så langt vore artig, og veldig lærerikt.

Kva arbeidsoppgåver har de hatt?

Vi har vaska, servert mat, vore på handel og besøkt dagsenteret. På dagsenteret gjorde vi forskjellige aktivitetar som bingo, ludo og laga mat der og.

Føler du deg inkludert i arbeidsoppgåvene?

Vi synes vi har blitt godt ivaretatt og har fått bra opplæring.