Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank gir kr. 86.000 til grue i kvilebua

Kvilebua på Kavlvegen kultursti - Klikk for stort bilde Nathan Lediard

Tildelinga av gåvemidlar frå Sparebankstiftelsen gjer at at vi kan bygge ei trivselsskapande grue i naturstein i kvilebua, noko mange vil få glede av.

Dette skal gåvemidlane gå til

Kvilebua ved Lomtjønna er hjartet i Kavlvegen kultursti. Den er bygd i tradisjonell stil med tilkomst for rullestol inne og ute. Det er bålforbod i utmark gjennom store delar av sesongen for turstien, så vi treng ein trygg og triveleg eldstad inne i kvilebua. Gåvemidlane skal brukast til å mure ei grue av naturstein i tradisjonell stil med kobbarhette og pipe over tak. Her blir det muleg å fyre med medbrakt eller framlagt ved, og koke seg kaffe eller grille ei pølse. 

Kvilebua ligg på myr og grunnen grua skal byggast på skal ligge med tunge steinheller fram til våren, slik at grua får eit stabilt fundament. Grua vil difor ikkje stå ferdig til offisiell opning 1. september i år, men til sesongen 2024.

Steinhellene som ligg i kvilebua skal tilpassast og brukast i muringsarbeidet. Kobbarhette og fullisolert stålpipe skal monterast når muringsarbeidet er ferdig, i tillegg kjem det brannmurplate på veggen bak grua. Branninstruks for trygg fyring vil bli hengt opp i inne kvilebua, saman med tilgjengeleg brannvernutstyr.  

Å kunne samlast rundt ei slik grue vil tilføre kvilebua ein stor bruksverdi og bidra til å forlenge brukssesongen. 

Vi takkar Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank for den flotte gåva og inviterer til koseleg opning av grua neste år!