Står du i manntalet?

For å kunne stemme ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir utlagt til allment ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der.

Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut til allment ettersyn frå fredag 14. juli og fram til og med valdagen den 11. september 2023 på desse stadane:

  • Surnadal kommunehus – servicetorget
  • Surnadal kulturhus – biblioteket.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage eller søkje om å bli innført i manntalet.

Slik sender du klage eller søknad om innføring i manntalet

Det ligg søknadsskjema saman med manntalet på kommunehuset og kulturhuset.

Skriftleg klage/søknad sendast til:
Surnadal valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Klage/søknad kan og sendast digitalt via eDialog

Eksempel på oppsett av søknad

Ditt fulle namn.

Fødselsnummer - elleve siffer.

Eg er norsk statsborgar og søkjer med dette om å bli innført i manntalet for kommunen ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.

Eg har tidligare stått innført i norsk folkeregister, sist gong i (dato/årstall) i (din) kommune, inntil (dag, månad, år). Mi nøyaktige adresse der var da:

Eg forsikrar at eg fortsatt er norsk statsborgar.
…………………………………………………………………………………………………
(dato) (di underskrift)

Klagen/søknaden skal vere grunngjeven.

Les meir om valet i 2023