Same arbeid som sist veke
Basestasjonen på Bollen ligg på omlag 800 meters høgde, og dekker eit stort areal, men først og fremst det store arealet i fjellområda rundt. Utkoplinga av denne basestasjonen berører i liten grad bebygde område. Dette arbeidet pågjekk også førre veke. Dette melder Telenor i ei rutinemessig varsling til Surnadal kommune.
Skei og omegn har eigne basestasjoner som sikrar dekning der.
Det er også basestasjonar lågare i terrenget som sikrar dekning til langs Fv 670 sørover.
I følge Telenor kan enkelte punkt langs Fv 65 og Fv 6150 østover langs Surna, teoretisk sett oppleve noko ustabilitet eller utfall, men det er også basestasjonar her som sikrar dekning i det meste av området.
Bruk av WIFI-tale og nødnummer
Har du tilgang til WiFi, kan du ringe og sende SMS som normalt ved å aktivere WiFi-tale på telefonen. Dette er ein funksjon dei fleste nyare smarttelefonar har, og som aktiverast i innstillingane. Det finnst også andre meldings- og taletenester over WiFi som ikkje er avhengige av mobilnettet, og som kan brukast som erstatning så lenge du har WiFi-tilgang.
Så lenge éin av mobiloperatørane har dekning i området, kan du ringe nødnummera — uavhengig av om din eigen operatør har dekning der du befinn deg. Dette gjeld generelt og er noko alle bør kjenne til.
Du kan sjekke Telenors dekningskart her
Ingressfoto med løyve frå Trollheimsporten (fotograf: Harald Egil Folden).