Statsborgarseremoni 2025

I 2024 fekk vi 665 nye statsborgarar i Møre og Romsdal. Dei kom til Norge frå 85 ulike land. 

Dei nye statsborgarane vart feira i Molde søndag 24. august. Dei blei ønska hjarteleg velkommen inn i det norske fellesskapet.

Av dei nye statsborgarane er 8 busette i Surnadal kommune. Av desse deltok Beatriz Comas, som opprinneleg kjem frå Venezuela, saman med ordførar Hugo Pedersen. 

Foto. Beatriz Comas flankert av ordførar Hugo Pedersen og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste - Klikk for stort bildeBeatriz Comas flankert av ordførar Hugo Pedersen og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste. Statsforvaltaren

Lovar truskap

Under seremonien går alle nye borgarar opp på podiet, kommunevis. Dei får rose og bok, og blir fotografert.

Deretter må alle reise seg å seie truskapsløftet til Noreg;

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Til slutt syng alle nasjonalsongen.

Les meir hos Statsforvaltaren