Surnadal - Etablerarlunsj: kickstart bedrifta di

Bilde som viser ei gruppe som kommuniserer - Klikk for stort bilde Vindel

Har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva slags midlar og tenester som finnst for bedriftsutvikling?

Om Etablerarlunsj: kickstart bedrifta di

Vindel og kommunane på Nordmøre har formalisert eit samarbeid med tre kompetansehevande arrangement per kommune i 2023. Det første arrangementet i Surnadal skjer 1. mars og heiter Etablerarlunsj: kickstart din bedrift.

Dette får du som deltakar

Du får vite om korleis dei ulike aktørane kan bistå di gründerreise med rådgiving, bedriftsutvikling, og finansiering. Arrangementet passar også for nyetablerte bedrifter som har behov for hjelp i ein vekstperiode.

Her stiller Innveno, Vindel og Surnadal kommune med informasjon om korleis dei kan hjelpe deg med støtte til utvikling av bedrifta di. 

Program

  • Kl. 11:00 - 12:00 - presentasjon med spørsmål og svar
  • Kl. 12:00 - 13:00 - 1 til 1 samtalar me dei ulike aktørane om din ide eller prosjekt.

Det blir servert ein enkel lunsj og kaffe.

Tid og stad, påmelding

 Arrangementet går av stabelen 1. mars kl. 11:00 - 13:00 på Surnadal kommunehus.

Påmelding innan 27. februar til sylvia@vindel.no. Telefon: 917 94 449.