Surnadal kommune og beredskapsaktørane øvde på situasjonar i krise og krig

Korleis skal Surnadal kommune ta vare på innbyggarane og halde viktige tenester i gang dersom Norge blir ramma av krig? Det var det sentrale spørsmålet da kommunen samla kriseleiinga, helse- og omsorgstenestene og leit utvida beredskapsråd til den nasjonale øvinga Norge øver denne veka. 

Kva øvde vi på?

Norge øver er ei diskusjonsøving utvikla av DSB i samarbeid med statsforvaltarane, med mål om å styrke forståinga av kommunane si rolle og ansvar i ei tryggingspolitisk krise eller krig.

Under øvinga jobba vi med to scenario:

  • Helse og omsorg: Kommunen øvde på å handtere fleire pasientar med omfattande behov, redusert tilgang på personell og bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon.
  • Desinformasjon i sosiale medium: Kommunen øvde på handtere spreiing av falske bodskap og videoar som skapte frykt og mistillit i samfunnet, samtidig som ustabile mobil- og internettløysingar gjjorde det vanskeleg å nå innbyggarane med påliteleg informasjon.

Obervatør frå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal var representert under øvinga i Surnadal. Underdirektør justis og beredskap og fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas, følgde øvinga  gjennom heile dagen. 

I ei reell krise har Statsforvaltaren ei viktig rolle som bindeledd mellom kommunane, regionale beredskapsaktørar og nasjonale styresmakter. Kommunane må dele informasjon om situasjonen lokalt, medan Statsforvaltaren bidreg til ei felles situasjonsforståing, samordning av ressursar og samarbeid på tvers av kommunegrenser og samfunnssektorar.

Ved krig har Statsforvaltaren dessutan eit særskilt ansvar for å bidra til at ressursane i fylket blir fordelte og utnytta i tråd med nasjonale føringar og behova i befolkninga.

Dette lærte vi av å øve saman

Øvingsdagen gav nyttige diskusjonar om ansvar, ressursar, informasjonsdeling og samarbeid i ein ekstraordinær situasjon. Kommunen har ansvar for å handtere situasjonen lokalt og ta vare på innbyggarane, men må samtidig vere ein del av ein større, samordna beredskap. 

Dei viktigaste læringspunkte kan oppsummerast slik:

  • Felles situasjonsfprståing er avgjerande -  både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
  • Vi må kjenne kvarandre sine roller og ressursar - vi er sterke når vi støttar kvarandre
  • Vi må kunne nå innbyggarane også når digitale kanalar sviktar - det er avgjerande å bevare tillit og kontakt gjennom alternative måtar å nå fram på
  • Beredskap handlar om å halde viktige tenester i gang - krevjande prioritering kan oppstå når personell, kapasitet og infrastruktur er under press

Øvinga stadfesta at Surnadal kommune har gode planar for korleis vi skal ta vare på innbyggarane og korleis  innbyggarane skal kunne få viktig informasjon og komme i kontakt med nødetatane i situasjonane vi øvde på. 

Vi lærte samtidig at vi skal ha gode rutiner for handtering og korrigering av desinformasjon - i tillegg til plan for alternativ kommunikasjon ved bortfall av EKOM og cyberangrep. 

Eigenberedskapsveka blir ei god anledning til å rette fokus på korleis vi som lokalsamfunn kan utvide eigenberedskapen til også å gjelde korleis befolkninga kan vere kjeldekritisk i møte med desinformasjon. Øvinga avdekka også at totalforsvarsevnen i lokalsamfunnet i scenario vi øvde på, er heilt avhengig av at alle som kan har sørga for god eigenberedskap i 7 dagar. 

Det gode samarbeidet er ein avgjerande del av beredskapen

Surnadal kommune har eit godt samarbeid beredskapsaktørar og frivillige i lokalsamfunnet. I forkant av øvinga hadde vi møte med Røde Kors, sanitetsforeningane og Åsskard bygdekvinnelag, der vi diskuterte fleire relevante problemstillingar som ligg tett opp til øvinga. Vi gjennomførte også ein totalforsvarsdag 4. mars i år med alle våre beredskapsaktøraar.

 -Verdien av å sitte rundt same bord med folk med ulike perspektiv og som kjenner kvarandre og kan dele lokalkunnskap, kjennskap til sårbare grupper, tilgang på folk og utstyr, eller evne til å nå innbyggarar som kommunen ikkje når like lett åleine - er uvurderleg, seier ordførar Hugo Pedersen. 

Øvinga viste kor viktig det er å møtast, dele kunnskap og avklare forventningar før ei krise oppstår. Surnadal kommune takkar alle som deltok og bidrog med erfaringar, lokalkunnskap og konstruktive diskusjonar. No tek vi læringspunkta med oss i det vidare arbeidet med å styrkje beredskapen i lokalsamfunnet.

Ordføraren innleia dagen. Sjølve øvinga vart leia av plan- og beredskapssjef Gunhild Eidsli og kommunikasjonsansvarleg Anne Lise With Vullum. 

Du kan lese meir om Norge øver hos DSB

Ingressfoto er frå ei tidlegare anledning i 2025.