Surnadal kommune stoppar eigenbetaling for tryggleiksalarm

Surnadal kommune stoppar inntil vidare eigenbetaling for tryggleiksalarm, med verknad frå september 2026. Bakgrunnen er nye avklaringar om regelverket for eigenbetaling. Kommunen skal no gå gjennom ordninga og kartlegge behova til dei som har tryggleiksalarm.

Helsedirektoratet har komme med ei presisering av regelverket for når kommunane kan krevje eigenbetaling for tryggleiksalarm. Dette har ført til at kommunar over heile landet no må vurdere eigen praksis.

Hovudregelen er at kommunen ikkje kan krevje eigenbetaling når tryggleiksalarmen er ein del av nødvendige helse- og omsorgstenester. Det må gjerast ei individuell vurdering av kva behov alarmen skal dekke.

Stoppar eigenbetaling frå september

Surnadal kommune har valt å stoppe eigenbetalinga for tryggleiksalarm med verknad frå september 2026.

Kommunen treng no tid til å gå gjennom dagens ordning og gjere ei ny kartlegging av brukarane som har tryggleiksalarm. Målet er å sikre at praksisen vår er i samsvar med regelverket og dei nasjonale avklaringane.

Du som har tryggleiksalarm, treng ikkje å ta kontakt med kommunen eller gjere noko no.

Fleire spørsmål er framleis under avklaring

Det er framleis spørsmål knytt til praktiseringa av regelverket som ikkje er endeleg avklarte.

KS arbeider med problemstillinga og er i dialog med Helse- og omsorgsdepartementet. KS har også peika på at dagens regelverk ikkje i tilstrekkeleg grad er tilpassa den teknologiske utviklinga innan helse- og omsorgstenestene. Juridiske spørsmål knytte til eigenbetaling blir no vurderte av KS.

Surnadal kommune følgjer dette arbeidet og signala frå Helsedirektoratet og KS tett.

Vi kjem med meir informasjon

Når dei nødvendige avklaringane er på plass og kommunen har komme lenger i gjennomgangen, vil vi informere dei som har tryggleiksalarm om kva dette betyr vidare.

Vi vil også oppdatere informasjonen på heimesida når det kjem nye avklaringar.