Surnadal markerer 15 år sidan terrorangrepet 22. juli

Den 22. juli er det 15 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet i Oslo og Utøya. 77 menneske mista livet, og mange fleire vart ramma. Surnadal kommune og kyrkja inviterer til lokal minnemarkering.

Rosehav. KI-generert bilde. - Klikk for stort bildeKI-generert bilde. Rosehav

Lokal minnemarkering 22. juli

I forbindelse med 15-årsmarkeringa har Statsforvaltaren oppmoda kommunane om å arrangere lokale minnemarkeringar. Surnadal kommune inviterer derfor, i samarbeid med kyrkja i Surnadal, til ei open markering tysdag 22. juli.

Terrorangrepet var eit angrep på demokratiet, ytringsfridomen og dei verdiane samfunnet vårt bygger på. I ei tid med aukande uro i verda er det viktig å minnast det som skjedde – ikkje berre for å heidre dei som mista livet, men også for å stå saman om demokrati, openheit og fellesskap.

 

 

Program

Kl. 13.30 – Øye kyrkje opnar

  • Stille kyrkje med rom for ettertanke og refleksjon
  • Anledning til å tenne lys i lysgloben

Kl. 15.00 – Felles minnemarkering

  • Tale ved fungerande ordførar og varaordførar Annett Ranes
  • Musikkinnslag ved Johanne Holten
  • Felles salmesong
  • Høgtlesing ved Lene. Wilhelmsen

Alle er hjarteleg velkomne til å delta.

Nasjonal minnemarkering

Regjeringa, Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, AUF og Den norske kyrkja arrangerer dei offisielle minnemarkeringane i Regjeringskvartalet, Oslo domkyrkje og på Utøya. Markeringane blir sende direkte.

Program og sending finn du på regjeringen.no.