Ta vare på dei mest sårbare i varmen
Med den varmen som er og har vore, er det viktig med tiltak for å unngå å bli overoppheita og dehydrert, og vi må ta vare på dei som er mest utsatt.
Ta vare på dei mest sårbare i varmenHøg temperatur over fleire dager kan vere ei belastning på helsa, spesielt for små barn, personer med alvorlige kroniske sjukdommar og dei eldste og svakaste.
Ta gjerne eit ekstra besøk til dine næraste som er ekstra sårbare i denne varmen.
Folkehelseinstituttet foreslår desse tiltaka ved heiteslag/overoppheiting:
- Opphald i kjølege rom, i skugge og i luftige omgivelsar
- Reduser fysisk aktivitet
- Drikk rikeleg og innta også noko salt ved mykje svetting (taper salt)
- Bruk lette, luftige klær
- Dusj eller bad i kjøleg vatn, eventuelt legg våte håndklede på huda
Les meir om helsefare ved heitbølger på Folkehelseinstituttet sin heimesider
Sist endret 17.07.2025 15:11