Tapping av Måvatnet og Langvatnet
Svorka og Statkraft melder at dei kjem til å senke nivået i Måvatnet/Langvatnet under det som vanlegvis er tillate.
Vannmagasinet ved MåvatnetFor å gjennomføre inspeksjon av demninga ved Måvatnet har NVE gitt Statkraft og Svorka løyve til å senke vasstanden i Måvatnet/Langvatnet under det som normalt er tillate. Til vanleg skal vasstanden vere mellom 274 og 276 meter over havet. I perioden 28.08.2025 til 10.09.2025 har dei fått løyve til å ha nivået ned til 268 meter over havet. Inspeksjonen skal berre ta ein dag, men det vil i tillegg ta tid å tappe ned magasinet og fylle det opp att etterpå.
Du kan lese meir om saka på nettsidene til NVE.
Sist endret 26.08.2025 13:45