Om testen
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret tester samtidig tyfoaene med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøven den 10. juni blir gjennomført over hele landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane ular.
Del gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
- Varselet kjem på norsk eller engelsk. På skjermen står det at det berre er ein test. Du fjernar varselet ved å “dra” det vekk eller klikke OK. Om du ikkje ønsker å motta varselet - sett mobilen i Fly-modus.
- Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som befinn seg i Norge og som er kopla på 4G/5G kan motta testen. Fekk du ikkje varsel? Meir informasjon om kva mobilar som kan motta Nødvarsel.
- I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga