Tilbod om influensavaksine, dersom du gikk glipp av den i haust

influensavaksine - Klikk for stort bildeTilbodet er særleg aktuelt for personar over 65 år og risikogrupper.

Surnadal kommune har framleis att influensavaksiner og gir no eit tilbod til dei som ikkje tok denne vaksinen i haust.

Årets influensasesong er litt annleis enn tidlegare fordi det har vore minimalt med influensasmitte under pandemien og beskyttelsen vår mot å bli sjuk difor er noko lågare enn før.
I tillegg er influensasesongen forskuva i dei fleste land og kan strekke seg ut over sommaren. Skal du ut å reise i sommar kan det difor vere meir aktuelt enn tidlegare å ta influensavaksine. Dette gjeld særleg dersom du er over 65 år eller tilhøyrer ei risikogruppe for å bli alvorleg sjuk av influensa.

Ønskjer du å ta imot tilbod om influensavaksine, så ring vaksinetelefonen 913 79 001 eller send epost til vaksine@surnadal.kommune.no.