Tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Tilbodet er gratis og gis i år til alle elevar ved Surnadal vidaregåande skule. Surnadal og Todalen sanitetsforeningar og helsestasjonen har inngått eit samarbeid for å få dette til. I neste omgang håpar vi å få vidareført dette tilbodet årleg til dei som startar på vidaregåande. 

Kvifor bør unge ta denne vaksinen?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at ungdom i alderen 16 - 19 år vurderer å vaksinere seg mot smittsam hjernehinnebetennelse. Vaksineanbefaling til unge (FHI)

Smittsam hjernehinnebetennelse kjem av meningokokk-bakteriane, som kan gi livstruande sjukdom som blodforgiftning og hjernehinnebetennelse. Ein av ti som blir sjuke dør, og ca 20 prosent får varige helseskadar. 

Det er vanleg å ha meningokokkar i halsen utan å bli sjuk, men du kan likevel smitte andre.  Vaksine er det mest effektive tiltaket for å beskytte seg mot smittsam hjernehinnebetennelse.  

Vi tilbyr kombinasjonsvaksinen ACWY. Vaksinen beskyttar ikkje mot alle typar hjernehinnebetennelse, men dekker godt dei meningokokktypane som har gitt mest sjukdom blant ungdom i Norge dei siste åra. 

Det er denne vaksinetypen FHI først og fremst anbefaler til ungdom. Vaksinasjonen består av ei dose.

Ved reiser til land utanfor Norden som inneber auka risiko for smitte, f. eks russeturar og andre reiser som inkluderar festing og tett samvær med andre ungdommar over fleire dagar, anbefaler FHI at ein vurderer behovet for meningokokk B-vaksinasjon i tillegg. Du må ordne med resept og sjølv betale for denne, men du kan få satt den på helsestasjonen.  Den består av to doser. 

Informasjonsark til ungdom om smittsam  hjernehinnebetennelse (FHI)

Informasjonsark til ungdom om smittsam hjernehinnebetennelse (FHI engelsk)

SMS-påmelding til helsesjukepleiar innan 14. februar

For å vite kor mange vaksiner vi skal bestille må vi ha påmelding innan 14. februar. 

Slik takkar du ja til vaksinen:

  • Send SMS til helsesjukepleiar Ingunn: 468 78 259
  • Oppgi kun namn, fødselsdato og klassen du går i.

Når vi har fått oversikt gir vi informasjon om dato for vaksinering. Vaksineringa vil skje i mars.

Vi sender ein stor takk til Surnadal og Todalen Sanitetsforeningar!

Skulehelsetenesta i Surnadal