Tilbodet Spreke seniorar startar opp i Bøfjorden

Foto av Trine Glåmen og May Iren Dønheim Hovde - Klikk for stort bilde

Friskliv og meistring i Surnadal kommune har gleda av å samarbeide med frivillige i Bøfjorden, og startar opp tilbodet Spreke seniorar.

- Vi er så heldige at May Iren Dønheim Hovde har sertifisert seg som instruktør og ønsker å bidra til at aktuelle innbyggarar i grenda kan få trim! Dette fortel Trine Kristiansen Glåmen, folkehelsekoordinator/ kommunal fysioterapeut i Surnadal kommune.

Kva er Spreke seniorar?

  • Spreke Seniorar er for deg som ønsker å trene i gruppe i eige nærmiljø.
  • Gruppa er egna for personar som bur heime og går utan hjelpemiddel, men som kjenner at ein er i ferd med å bli litt ustø.
  • Treninga blir leia av frivillige instruktørar, og tilbodet er gratis.
  • Du må komme deg til og frå trening på eiga hand.

Tid og stad i Bøfjorden

  • Tid: onsdag 3. mai kl.10.00-11.00
  • Stad: Bøfjorden Grendahus
  • Instruktør: May Iren Dønheim Hovde

Ta kontakt med Surnadal Fysioterapi for påmelding: 71 65 82 21

Logo for Friskliv og meistring - Klikk for stort bilde