Beredskap og kriseforståing i ei uroleg verd
Alvoret i den sikkerhetspolitiske situasjonen og dei globale trendane som utfordrar den nasjonale beredskapen vår, gjer at det hastar å styrke norsk beredskap (Totalberedskapskommisjonen 2023).
Truslane er mange og komplekse og beredskapssituasjonen i dag er klart meir krevjande enn på lang tid. -Gårsdagens løysingar kan gå fort ut på dato. No må vi lære av fortida, forstå notida og rigge oss for framtida, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Statsforvaltaren om Nato sine forventningar til oss.Botten tok Sjefskurset på Forsvarets høgskule hausten 2023.
I kjølvatnet av dette har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med HV-11 og Møre og Romsdal politidistrikt gått i front og laga eit nytt totalberedskapskurs for toppleiarar på regionalt nivå.
Ordførar Hugo Pedersen deltok på eit slikt 5-dagars totalberedskapskurs våren 2024 og tok initiativ til ein lokal totalberedskapsdag i Surnadal, 19. november. Statsforvaltar Else-May Botten takka ja til å komme og halde foredrag og leie dagen.
Det gjorde inntrykk da Else-May viste fram den globale trenden med frammars av autokratisk styre på bekostning av demokratisk styreform. Realitetar som i høgste grad berører Norge og norske interesser.
Samfunnssikkerheit og beredskap er eit kollektivt gode og ei offentleg oppgåve, men som byggast av mange, inkludert befolkninga og private og frivillige aktørar.
– Det er viktig at vi lærer av kvarandre og kan samarbeide med kvarandre, seier Botten. Tilbakemeldingar frå regionale og lokale beredskapsaktørar er viktig når vi i 2026 skal legge fram langtidsplanar nasjonalt.
2025 blir eit viktig år der vi saman bygger det beste utgangspunktet for å møte utfordringar på ein trygg og god måte. Bruk anledninga i til å komme med tydelege innspel og tilbakemeldingar under planarbeidet, oppfordra Statsforvaltaren.
Statsforvaltar og beredskapsaktørar samla i Surnadal 19. november.
Surnadal kommune
Deltakarane under Totalberedskapsdagen inkluderte kommunal kriseleiing, psykososialt kriseteam, befalsvakt, representantar frå Ungdomsrådet, Sivilforsvaret, Surnadal sanitetsforening, Røde kors, Heimevernet, Politiet, transportnæring, landbruksnæring og kraftforsyning.
-Vi brukte dagen til å bli betre kjent med kvarandre, og med ulike rollar og ansvarsområde. Det er avgjerande for eit beredskapssystem som må møte større usikkerheit lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Hugo Pedersen.
-Eg vil rette ein stor takk til Statsforvaltar Else May Botten for eit godt foredrag- Det er svært nyttig for beredskapsaktørane å samlast på denne måten, kor vi bygger lag for å gjere oss godt rusta til å møte dei utfordringar som måtte komme.
Ein svært nyttig dag, seier Pedersen.
- Dette var interessant og lærerikt å delta på, meinte dei unge. Botten ba spesielt om at Ungdomsrådet vart invitert til Totalberedskapsdagen. Frå v.: Signe Roaldset Fiske, Martin Sollid (Ungdomsrådet), Statsforvaltar Else-May Botten, ordførar Hugo Pedersen, Live Aakvik og Jarle Torvik Røkkum (Ungdomsrådet).
Surnadal kommune