Søppel vart tømt utover og sett fyr på i helga.
Surnadal kommune
Kalkstranda blir brukt av både barn, ungdom, familiar og vaksne, og på fine sommardagar er det mykje aktivitet på stranda. Kommunen legg ned mykje arbeid i å halde området ryddig og triveleg for alle som brukar det.
Etter helga var synet dessverre eit anna enn det vi ønskjer å møte på Kalkstranda.
Søppeldunkar var tømde utover asfalten, og det var sett fyr på søppelet. I servicebygget var ein stålbehaldar for tørkepapir ved vasken på toalettet riven ned frå veggen.
Herverk inne i servicebygget
Surnadal kommune
Ta vare på fellesområda våre
Det er både trist og unødvendig når område og utstyr som er til glede for fellesskapet, blir øydelagde. Hærverk fører også til ekstra arbeid og kostnader med rydding og reparasjon.
Vi ønskjer at Kalkstranda framleis skal vere ein rein, trygg og triveleg stad der alle kan bade, møtast og nyte fine dagar ved fjorden.
Vi oppmodar derfor alle som brukar området om å ta vare på stranda, servicebygget og utstyret som er der.
Takk til alle som bidreg til å halde Kalkstranda fin – slik at vi kan ha glede av denne flotte møteplassen saman.
Kalkstranda Surnadal - når det er sol.
Surnadal kommune