TV-aksjonen 2020: Innbyggarbøsse mot plastforsøplinga i havet

I år går inntektene frå TV-aksojnen NRK til å bekjempe den enorme plastforsøplinga i havet. 8 millionar tonn plast hamnar i havet kvart einaste år. Plasten forurensar ikkje berre vatn og øydelegg marint liv. Den rammar heile økosystemet vårt. Det er berekna på globalt nivå at kvar person i snitt får i seg 5 gram plast i veka. Dette tilsvarar vekta av eit kredittkort.

På grunn av korona blir det ikkje bøssebering dør til dør, men du kan bidra ved å støtte innbyggarbøssa som kommunen har oppretta. Det er TV-aksjonen som eig kontoen til innbyggarbøssa. Klikk på bildet under for å gå til innbyggarbøssa og gi ditt bidrag. Del gjerne bøssa med venner og kjente.

Fakta om plastforsøpling i havet:

  • Det vi ser flytande på overflata utgjer kun 1% av all plasten i havet.
  • Det vi ser på strendene utgjer omlag 5%.
  • Resten, opptil 94%, er under overflata og på havbotnen 
  • Det er berekna at det no er meir enn 150 millionar tonn plast i verdenshava.
  • 80% av all plasten i havet kjem frå land
  • Kun 14% av plasten i verda blir gjenbruka
  • 60% av all plasten i havet kjem frå 5 land i Sør-Øst Asia.
  • Plasten brytest opp, ikkje ned!
  • 36% av livet i havet har forsvunne sidan 1970
  • Over 1400 artar sett seg fast i eller et plast eller får miljøet sitt øydelagt
  • 50-70% av alt oksygen i verda blir produsert i havet

Ved å støtte årets TV-aksjon bidreg vi til å ta søppel-problemet ved rota gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand. Desse landa står for 25-35% av all plastforsøplinga i havet. 

Vil du opprette eiga digital bøsse eller lese meir om TV-aksjonen? Gå til nettsida blimed.no

Lag og organisasjonar, privatpersonar og bedrifter kan gjerne opprette eigne digitale bøsser og dele i sine nettverk. Du finn tips og triks om korleis ein kan bidra på blimed.no. 

FB-side for TV-aksjonen 2020 i Surnadal Her legg vi ut informasjon om TV-aksjonen og lokale bidrag! Kontakt sentralbordet for spørsmål: 71 65 58 00