Tverrpolitisk informasjonsdugnad: Bruk stemmeretten din!

Foto av kandidatar til kommunestyret i Surnadal. - Klikk for stort bildeTverrpolitisk pakkedugnad. Frå v: Gunhild Eidsli (valstyret), Nils Petter Tonning (FrP), Håvard Fiske (Rødt), Annett Ranes (Ap), Trond Håskjold (H), Kjell Larsen (MDG), Silje Beate Holten (Sp) og Karina Kalvik (SV).

Vil få fleire til å stemme i Surnadal kommune.

Informasjonspakke på veg

Er du i tvil om eller korleis du skal stemme, eller kven du skal stemme på? Snart vil du få ein informasjonspakke i postkassen din. Tidlegare har dei ulike politiske partia sendt ut informasjon til valet kvar for seg. I år har dei saman med valstyret gjort det enklare ved at får du alt samla i ein konvolutt. 

I konvolutten ligg det brev frå valstyret med alt du treng av praktisk informasjon om Kommunestyrevalet og fylkestingsvalet 2023. Du finn lokale partiprogram og stemmesetel frå desse sju politiske partia: 

  • Arbeiderpartiet
  • Fremskrittspartiet
  • Høyre
  • Miljøpartiet De Grønne
  • Rødt
  • Senterpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti

Ta ein kikk og gjer deg kjent med dei ulike partia, kandidatane og programma deira. Dette er sambygdingar som stiller seg til disposisjon for arbeid for lokalsamfunnet og lokaldemokratiet vårt. 

For at alle skal få god informasjon stilte kandidatar til kommunestyret opp på ein stor pakkedugnad i kommunestyresalen i går kveld (10. august). 

Kven skal representere deg og dine interesser og styre vår kommune dei neste fire åra? 

Vil du påverke dette må du bruke stemmeretten din.