Ungdomskontakt

Ungdomskontakt er ein nyoppretta prosjektstilling for ungdom mellom 12 -23 år og er ein del av kommunen sitt førebyggande arbeid blant barn og unge.

Ungdomskontakten er eit lågterskeltilbod for ungdom som har behov for ekstra støtte i kvardagen. Ein av målsettingane med tenesta er å kome i kontakt med ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon så tidlig som mulig for å kunne forhindre ei vidare skeivutvikling. Ungdomskontakten ønskjer å møte ungdom på deira behov og hjelpe dei til å ta god val for seg sjølv.

Tilbodet er basert på friviligheit frå ungdomen og er gratis.

Du kan ta kontakt med ungdomskontakten dersom:

  • du har spørsmål kring rus
  • du ønskjer nokon å snakke med
  • du ønskjer hjelp til å kome i kontakt med andre hjelpeinstansar
  • du har psykiske problem (stressa, lei deg, deprimert, søv lite og er sliten)
  • du er bekymra for ein venn
  • du er pårørande og er bekymra
  • du har det vanskeleg på skulen eller heime
  • du er forelder og treng råd
  • du er ein som jobbar med ungdom og har behov for råd eller veit om ungdom som treng ekstra støtte.

Ungdomskontakten har teieplikt. Det vil si at det du som ungdom vel å fortel, kan ikkje ungdomskontakten fortelle vidare utan at det er greitt for deg. Ungdomskontakten er bunden av noko som heiter meldeplikt. Det vil si at dersom du fortel noko som kan være til skade for deg sjølv eller menneske rundt deg, så ungdomskontakten gå vidare med det. Dette skjer aldri utan at ungdomskontakten fortel det til deg først. 

Ungdomskontakten har eit tett samarbeid med tenestene i kommunen rundt ungdom, og ved behov så kan ein hjelpe ungdomen med å knytte kontakt med andre hjelpe –eller behandlingstilbod.

Ungdomskontakten heiter Kristin Børset og har kontor i Sommerotunet Aktivitetshus, Røssmovegen 26 (inngang til venstre), men har open trefftid både på Surnadal ungdomsskule måndagar og onsdagar kl. 10-24 og på Surnadal vidaregåande skule tysdagar kl. 10-14.

Ungdomskontakten kan nås på mobil 911 59 310 og på e-post: kristin.boerset@surnadal.kommune.no

Sjå også Facebook: Ungdomskontakten Kristin