Ungdomskontakten: Aktivitetstilbod i haustferien

Ungdomskontakten i Surnadal kommune ønskjer å invitere til aktivitetar i haustferien i veke 41 for ungdom mellom 12- 23 år.

Tysdag 8. oktober drar vi på Trollheimen klatresenter og prøver oss på buldring. Treng ikkje å ha prøvd tidligare. Oppmøte utanfor klatresenteret kl. 12.

Onsdag 9. oktober held vi ope hus på Sommero aktivitetshus frå kl. 12- 15. Ta med spel eller andre ting du ønskjer å halde på med. Det blir servert vaffel.

Påmelding til aktivitet i haustferien, ein eller begge dagane til: 

Ungdomskontakt Kristin på nr. 911 59 310 på sms med namn, alder og kva du ønskjer å delta på.