Utdeling av klokke og kunstverk

Heider og takk til tilsette etter lang teneste i kommunen 

Tilsette som fekk klokke etter 25 års teneste i kommunen. Surnadal kommune

Tysdag den 13.oktober arrangerte Surnadal kommune ei triveleg markering for å heidre dei som har vore tilsett i 25 år eller meir (klokke) og fråtreden ved overgang til pensjon ved minimum 5 års teneste (kunstverk). 

Tilstelninga vart halde i kommunestyresalen på kommunehuset, der det vart servert kaffe og kaker. Ordførar og kommunedirektør delte ut klokke, kunstverk og blomster. Einingsleiarane sa nokre ord til dei som fekk klokker og kunstverk.

Alle som fekk kunstverk eller klokke oppstilt saman med ordførar og kommunedirektør: Atle Malvin Aune, Arnhild Sæter, Britt May Hollås, Råg Ranes, Inga E. Brøske, Gjertrud E. Honnstad, Linda Botten, Vigdis Sinnes Strand, Wenche Evensen Berg, Ellen Synnøve Livoll Schei, Haldis Holmeide, Liv Tonning, Mona Rosvold, Iren Moen, Line Strandheim Nordvik. (Ikkje tilstades: Liv Jorunn Tonning, Sidsel H. Ramsøy, Marita Sæter, Bjørn Erik Blakstad, Grete Mo, Elin Hønsvik, Liv Pauline Bele, Laureen Næss og Grethe Vattøy). Surnadal kommune Tilsette som avslutta arbeidsforhold ved overgang til pensjon fekk kunstverk. Surnadal kommune