Utlegging av manntalet til gjennomsyn frå 14. juli

Stortingsvalet 2025.

For å kunne stemme ved haustens Stortingsval må du stå i manntalet.  Alle kommunar i Norge er pålagt å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg.  

Manntalet for Surnadal kommune blir lagt fram til gjennomsyn frå måndag 14. juli fram til og med valdagen 8. september på desse stadene:

  • Surnadal kommunehus – servicetorget
  • Surnadal kulturhus – biblioteket

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil, kan du sende skriftleg klage eller søke om å bli innført i manntalet.

Dette skal vere begrunna og sendast skriftleg til valstyret:

Surnadal valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Når og kor du kan stemme i Surnadal kommune