Utmerket kvalitet på badevatnet

Miljøretta Helsevern har henta inn resultat av prøver på badevasskvaliteten i Surnadal og alle resultata viser utmerket kvalitet på vatnet. Dette er godt nytt på ein fredag ettermiddag med fint sommarver. 

Oppsummering badevasskvalitet for Surnadal kommune sommaren 2024.

Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovedsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar.  (termotolerante koliforme bakterier – (TKB) og intestinale enterokokker – (IE)). Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra mennesker eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006)  blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert  og delt i tre tilstandsklasser:

UtmerketGodDårleg
<250 TKB pr. 100 ml.250-500 TKB per 100 ml> 500 TKB per 100 ml
<100 IE pr. 100 ml.100-200 IE per 100 ml> 200 IE per 100 ml

(Det er ulike grenseverdiar for ferskvatn og sjøvatn. Her er alt vurdert etter grenseverdiane som er for sjøvatn. Den er også strengare enn for ferskvatn.)

Dato

27. og 28. mai

8. og 9. juli

 

Bakterier

TKB

IE

TKB

IE

TKB

IE

Badeplass

 

 

 

 

 

 

Kalkstranda

<5

<5

55

5

 

 

Svissholmen

100

10

5

<5

 

 

Søysetøran

25

<5

50

<5

 

 

Todalen båthavn

5

30

35

15

 

 

Syltøran

150

45

90

75

 

 

Mjølksanden

70

5

5

<5

 

 

Einholmen v/båtbrygge

95

25

35

20

 

 

Prøvane er teke ut av Miljøretta helsevern og analysert av NemkoNorlab i Surnadal.