Uttale frå Surnadal kommune om tilbodsstruktur ved Surnadal vidaregåande skole

Surnadal kommunestyre behandla saka ang. skole- og tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring 2026 – 2026 på møte den 06.11.2025, sak 66/25.

Uttalen vart sendt i dag til Kompetanse- og næringsutvalget, Fylkesutvalet og Fylkestinget.

Les dokumentet her (PDF, 135 kB)

Ordlyden er slik:

Kommunestyrets vedtak

Uttale frå Surnadal kommunestyre vedrørande tilbodsstruktur ved Surnadal vidaregåande skule 

Surnadal kommunestyre viser til innstilling frå fylkeskommunedirektøren om ny skulestruktur i Møre og Romsdal, der det blir foreslått å ta bort påbyggstilboda Pb3 og Pb4 ved Surnadal vidaregåande skule og samle desse ved Sunndal vidaregåande skule. Kommunestyret ser med stor uro på denne utviklinga og vil med dette uttrykke sterk motstand mot forslaget. 

Kommunestyret støttar fullt ut uttalen frå skoleutvalet ved Surnadal vgs, og vil særleg peike på følgande moment: 

  • Tilgjengelegheit og geografi: Surnadal har ei meir sentral plassering for elevar frå Indre Nordmøre, inkludert Rindal og tidlegare Halsa kommune. For desse elevane vil reiseveg til Sunndal vere urimeleg lang, og det vil svekke tilgangen til vidaregåande opplæring i regionen. 
  • Søkjartal og kapasitetsgrunnlag: Det er marginale forskjellar i søkjartal mellom Surnadal og Sunndal. I inneverande skuleår var det faktisk Surnadal som hadde høgast søkjartal og kunne starte klasse, medan Sunndal ikkje kunne det. Dette viser at det er grunnlag for å vidareføre tilbodet i Surnadal.
  • Konsekvensar for rekruttering og regionen: Dersom påbyggstilbodet blir fjerna frå Surnadal, vil elevar frå nærområda i større grad velje vidaregåande skule i Trøndelag. Dette vil føre til at elevane ikkje blir i regionen vår.

Konklusjon

  • Surnadal kommunestyre vil sterkt rå til at både Pb3 og Pb4 tilboda vert vidareført på Surnadal vidaregåande skule. Påbygg 3 og påbygg 4 har også vist seg å gje eit svært godt læringsmiljø for elevane som har kome inn på desse linjene.
  • Kommunestyret meiner at ei svekking av det lokale tilbodet ved Surnadal vgs vil ha alvorlege konsekvensar for både skulen og regionen. Vi oppfordrar fylkestinget til å ta omsyn til dei geografiske, pedagogiske og samfunnsmessige argumenta som er framlagt, og til å sikre at påbyggstilbodet Pb3 og Pb4 blir vidareført ved Surnadal vidaregåande skule.

Signert Hugo Pedersen
Ordførar