Utvida tilbod om ny oppfriskingsdose i april til eldre over 75 år

Oppfriskingsdose koronavaksine. Foto. - Klikk for stort bilde

Nytt frå koronavaksineringa:

Kven er anbefalt ny oppfriskingsdose?

I følgje FHI kan vi få ei smitteoppblomstring utover våren. Dei som er over 75 år og personar som bur på sjukeheim er mest utsett for alvorleg sjukdom.

Effekten av koronavaksine mot alvorleg sjukdom minskar over tid. No er det ei stund sidan denne gruppa fekk 4. dose. FHI anbefaler difor at kommunane tilbyr ny oppfriskingsdose (5. dose) til personar over 75 år. 

Det bør gå 6 månader mellom vaksinedosene, og det er planlagt ny oppfriskingsdose kommande haust. Dei som er anbefalt oppfriskingsdose før sommaren, bør difor ta den no i april. 

Personar under 75 år og yngre i risikogrupper vil mest sannsynleg få tilbod om vaksinasjon til hausten. 

Har du hatt korona?

Immunitet etter kombinasjon av både korona-infeksjon og vaksinasjon beskyttar betre enn vaksinasjon åleine, og held seg godt over tid, også hos eldre. Behovet for ny dose no er difor lågare for dei som i tillegg til vaksinasjon, også har gjennomgått koronasjukdom.

Dersom du har vore sjuk utan å vite om du har hatt korona, bør det gå 3 veker frå du vart frisk til du får vaksinedose. Er du i tvil, bør du ta kontakt med legen din.

Bestilling av time

Du kan bestille time ved å sende e-post til vaksine@surnadal.kommune.no

  • Vi treng kun at du oppgir fullt namn og telefonnummer til den/dei som ønskjer time til vaksinering.
  • Vi sender deretter SMS til oppgitte telefonnummer om tildelt time og dato.

For dei som treng hjelp til å bestille time vil Vaksinetelefonen vere open for booking:

  • fredag 14. april  kl. 9-15
  • mandag 17.april kl. 10-13
  • fredag 21. april  kl. 10-13 
  • mandag 24.april kl 13-15

Telefon: 913 79 001 

Det er fint om pårørande i denne perioden kan følgje litt med og hjelpe sine med å bestille seg time.

Personar som bur på sjukeheim eller som har heimeteneste får tilbod om vaksinasjon der.

Vaksineringsdatoar Familiens hus

Det blir koronavaksinering i Familiens hus (Helsestasjonen) følgande datoar:

  • Torsdag 20.04
  • Fredag 21.04
  • Fredag 28.04

For å unngå at det blir fullt inne i ventearealet ber vi om at personar som bringar og hentar ikkje blir verande inne i ventearealet.