Surnadal kommune er per no omfatta av raudt farevarsel for jord- og flomskred frå tidleg torsdag 31.11 til ut på dagen fredag 01.11. . Vi følger situasjonen tett og ber folk som ferdast følge råd og oppdaterte varsel på varsom.no og sjekke vegmeldingar.
Det er stor fare for jord- og flomskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.
Kommunen har iverksett førebyggande tiltak i tråd med situasjonen.
Teknisk vakt kan nås på vakttelefon: 416 35 388. Ved bortfall av mobilnett nås vi på jaktradio kanal Jakt 1.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er i dialog med kommunane via felles samvirkemøte i dag og i morgon.