Vedtak på namn: Modalan

Namnet på det same området i (nedre) Surnadal har avvikande skrivemåtar: "Modalen" er vedteke som stadnamn, "Modalan" som adressenamn og ein registrerer i tillegg at "Modalane" er brukt på skilt.

Surnadal kommune bad difor Kartverket, som avgjer skrivemåten på stadnamn, om ny namnesak med tanke på å få endra stadnamnet til det same som adressenamnet, nemleg "Modalan".

Kartverket opna for ny behandling. 

Saka har vore ute til høyring, og den eine uttalen som kom inn, ville, som kommunen, ha "Modalan" som stadnamn. 

Vedtaket til Kartverket vart at stadnamnet skal endrast til "Modalan".

Partar i saka kan klage på dette vedtaket. Klaga må vere grunngjeve og skal sendast til post@kartverket.no, med gjenpart til post@surnadal.kommune.no (alternativt sendt til Kartverket, Postb. 600 Sentrum, 3507 Hønefoss).

Dei som har klagerett i slike saker er partane nemnt i § 6, bokstav a til c, i stadnamnloven:

a)

eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

b)

eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

c)

ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn


Klagefrist er 21. juni.