Vedtatt budsjett og økonomiplan 2024 - 2027

Budsjettet og økonomiplanen vart vedtatt i kommunestyret 14. desember og beskriv korleis pengane skal prioriterast i Surnadal kommune.

Budsjett - og økonomiplan 2024 - 2027

Økonomiplanen omfattar alle verksemdene og oppgåvene i kommunen, og gir ei oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i perioden planen gjeld for. 

Årsbudsjettet, som gjeld både drift og investeringar, er ein bindande plan for kommunens midlar og korleis desse skal bli brukt i budsjettåret.

Surnadal kommune behandlar årsbudsjettet og økonomiplanen samtidig. Økonomiplanen omfattar dei neste fire åra, og rullerer. Det vil seie at kommunestyret vedtar den éin gong årleg. 

Oversikt over gjeldande og tidlegare budsjett og økonomiplanar

Når du klikkar på lenka øvst i oversiktstabellen på heimesida vår får du opp planen på ei nettside på framsikt.net. Budsjett- og økonomiplan er inndelt i navigerbare kapittel. Under Sentrale kapittel kan du for eksempel bla deg ned til Gebyrliste og finne oversikt over alle kommunale gebyr. 

Utvalde grafiske framstillingar frå planen (framsikt.net)