Vegarbeid på strekninga Skei til Åshaugen på fv670

Illustrasjon: Skilt om vegarbeid - Klikk for stort bilde canva.com

Arbeidet vil pågå i veke 24.

Melding frå fylkesvegavdelinga

Før asfaltering av strekninga frå Skei til Åshaugen på fv670 skal det skiftast ut ein del stikkrenner. Det blir nattarbeid her med lysregulering i veke 24.

På den eine stikkrenna (FV670 S2D1 m867) er det behov for å stenge vegen under sjølve utskiftinga, fordi den ligg så djupt.

Entreprenøren har søkt om stenging natt til fredag 16.06 fra 00-05.00, det vil seie i perioden ferga på Kvanne – Rykkjem står. Det er ikkje omkøyringsmulegheit her.

Nødetatar vil kunne passere. Det blir sendt ut pressemelding mot slutten av veka.

Dette melder Kjetil Okkenhaug/ avdelingsingeniør, fylkesvegavdelinga – vegdrift ved Møre og Romsdal fylkeskommune.