Velkomen til gapahuken i Kvenndalen!

Utsyn frå Litjfjellet Norunn Holten Søndag 27. september er det «Gapahukens dag», og i samband med dette inviterer Eidet vel til familiedag ved Kvennbu, den flotte gapahuken dei har i Kvenndalen.

Gapahuken ligg like ved Kvenndalsvegen i underkant av 2 km frå bommen på Kvennbøen. Du kan parkere ved bommen og gå inn til gapahuken eller køyre bil heilt fram. Her er det ein romsleg parkeringsplass.

Velforeninga vil koke kaffe, blande saft og halde grillen varm til dei som tek med seg grillmat. To av forfattarane av Kvenndalsboka vil vera til stades for å svara på spørsmål om alt som har med seterdalen å gjera. Elles vil det også bli natursti med premiering.

Gapahuken er eit fint utgangspunkt for fotturar av ulik vanskegrad. Det er merka stiar frå Kvenndalen til både Skarfjellet, Snøfjellet og innover mot Tela, men den som berre vil gå innover dalen etter vegen, vil også få ei fin naturoppleving.

frå Tela mot Indre Sula Norunn Holten  Kvenndalen Norunn Holten  

Stad: Kvennbu (Kvenndalsvegen 174)

Tid: Søndag 27. september kl. 11.00- 14.00

Spesielle forhold:

  • Kvenndalsvegen er bomveg. Hugs bompengar kr. 50,-. Det er muleg å betale med vipps.
  • Det er toalett ved gapahuken.