Velkommen til Pårørandekafé 4. februar

Surnadal sanitetsforening, Surnadal demensforening og helselag og Surnadal kommune opnar dørene til ny pårørandekafe førstkommande onsdag på Frivilligsentralen.

Pårørandekaféen er ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe kan gå hand i hand.

Kaféen er tenkt som ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringar eller andre livsutfordringar. 

Tid og stad

Onsdag 4. februar kl. 18.00 - 20.00 på Surnadal Frivilligsentral. Kom og gå når du vil.

Ønsker innspel frå pårørande

Arrangørane ønsker gjerne tilbakemeldingar og innspel til korleis «treffe» målgruppene enda betre:

  • Er invitasjonen for brei? 
  • Bør den bli spissa meir for ulike pårøranderoller? 
  • Er det ønske om spesielle foredragshaldarar? 

Ta kontakt for å komme med innspel, eller kom innom på Frivilligsentralen denne kvelden. 

Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon eller bustadadresse. Rolla som pårørende går ofte på tvers av kommunegrenser.