Velkommen til publikumsopning av Kavlvegen kultursti

Foto av kvilebua på kavlvegen - Klikk for stort bildeKvilebua på Kavlvegen kultursti Lediard Foto

Kom på publikumsopning og kulturminnedag på Åsen bygdemuseum, søndag 3. september. 

Program søndag 3. september

Surnadal kommune og Nordmørsmusea inviterer store og små, unge og eldre til ei triveleg samling på Åsen bygdemuseum og ein familievennleg ettermiddagstur på Kavlvegen kultursti. Museet er forvaltar av det freda kulturminnet som er utgangspunktet for at vi no opnar ein slik spesiell tursti på Eidet. Korleis den eldgamle kavlvegen sett spor etter seg i 2023, får du sjå når du går turen.

  • Frå kl. 13.00 blir det sal av kaffe og bakels på museet. Hovudhusa og røykomnsstua vil vere opne for dei som vil inn og sjå
  • Frå kl. 14.00 samlast vi til ei kort orientering inne i fjøset før vi går tur på Kavlvegen kultursti 

Vi håpar sjølvsagt på godt turvêr, men akkurat denne turen er overkommeleg for dei aller fleste uansett vêr og habitt. Fri for lange, bratte bakkar og med fleire kvilebenkar undervegs.

Frå parkeringa ved museet fram til kvilebua og kavlvegane går vi kortaste veg i relativt flatt terreng, ca 1,3 km på fin og grusa tursti. Det går an å ta med tur-barnevogn, men rullestolbrukarar må starte turen frå HC-parkering og startpunktet på Galtmettet, som ligg ca. 1 km frå Åsen bygdemuseum i retning Skei. 

Totalt er det opparbeidd godt over 3 km tursti med praktiske og sosiale møteplassar og kvilebenkar. Fleire har sakna bord å sitte ved. Dette ordnar seg i desse dagar! SpareBank 1 Nordmøre gir i gåve tre bord med benkar som Ove Magne Aasen og Ole Johan Kvendbø lagar ferdig til opningshelga. Kortreist og solid, som resten av Kavlvegen kultursti. 

Velkommen til ein triveleg og familievennleg kulturminnedag med fokus på friluftsliv!

Har du spørsmål?
Kontakt kulturleiar Lilli Husby: 911 12 416
Kontakt prosjektleiar Anne Lise With Vullum: 908 50 020

Arrangementet inngår i Kulturminnedagane 2023 og Friluftslivets veke 2023.

Kulturminnedagane 2023 har temaet "Levande kulturarv", med fokus på den kunnskap og handverket som trengst for å ivareta kulturarven vår og dei mange kulturminna landet rundt.

Parkering

Parkeringsplass ved vegen og på anvist plass i museumstunet. 

Lukka arrangement på dagtid 1. september

Vi gjer merksam på lukka arrangement for inviterte gjestar og bidragsytarar på Kavlvegen kultursti, fredag 1. september frå kl. 12.00 - 15.00. Det lukka arrangementet foregår først og fremst på den rullestolvennlege kavlvegen og i kvilebua.