Velkommen til skulestart

Måndag 18. august startar skuleåret 2025/2026, og vi gler oss til å ønske alle elevar velkomne. 

Ekstra velkommen til førsteklassingane

Første skuledag er ei stor begivenheit og vi gir ein ekstra varm velkomst til dei nye førsteklassingane våre.  Vi skal ta i mot og legge til rette for ein trygg og god skulestart. 

Ordførar Hugo Pedersen vil ta ein runde til kvar skule denne dagen og helse på førsteklassingane.

Skulestart - oppmøtetider

Skulane har sendt informasjon med detaljar til føresette. 

Skulestart hausten 2025 -oppstartstider
Skule Oppmøtetid Kommentar
Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter kl. 08.30 Felles tidspunkt alle trinn
Mo oppvekstsenter kl. 08.25 Felles tidspunkt for alle trinn
Surnadal barne- og ungdomsskule kl. 09.30: 1. trinn. Dei andre møter til vanleg tid. 1. trinn har oppmøte ved trappa til småtrinnet. Føresette 1. trinn kan parkere på bussplassen denne dagen.
Todalen og Stangvik oppvekstsenter kl. 08.25: 2. - 7. trinn og kl. 09.30: 1. trinn