Inne på frivilligsentralen
Surnadal kommune
Surnadal frivilligsentral held til i kulturhuset og er ein møteplass på tvers av alder, interesser og bakgrunn. Her kan du dyrke ei interesse, dele erfaringar, lære noko nytt eller bli kjent med fleire her i Surnadal.
Mange aktivitetar og gode møteplassar
Frivilligsentralen har eit variert aktivitetstilbod. Likar du å vere i fysisk aktivitet, kan du for eksempel delta på trim, dans eller boccia. Er du glad i handarbeid, spel eller ein god prat over kaffekoppen, finst det fleire sosiale møteplassar du kan vere med på.
Her er også språkkafé, aktivitetar for barn og unge, pårørandekafé, samtalegrupper og kaffetreff for kreftramma. På innbyggartorget kan du møte kommunalt tilsette og bli kjent med andre innbyggarar.
Du treng ikkje vere flink til å danse for å bli med på dans søndagskveldar, og du treng heller ikkje ha ein dansepartnar. Gleda ved å delta og vere saman med andre er det viktigaste.
Har du lyst til å bidra?
Frivilligsentralen er også ein stad for deg som har lyst til å bruke litt av tida di på og saman med andre.
Kanskje har du ei interesse, ein idé til ein aktivitet eller kunnskap du har lyst til å dele? Kanskje ønsker du å bidra praktisk eller sosialt? Ta gjerne kontakt med frivilligsentralen for å finne ut kva du kan engasjere deg i.
Frivillig innsats kan gi mykje tilbake i form av nye bekjentskap, gode opplevingar og kjensla av å vere ein del av eit fellesskap.
Siv Torvik er leiar for Surnadal frivilligsentral.
Surnadal frivilligsentral
Dette skjer i veke 48 (23.–29. november)
Måndag
- Bridge kl. 12.30–14.30
- Språkkafé kl. 18.00–19.30
Tysdag
- Helselagskafé kl. 14.00–16.00
- Ungdomsklubb kl. 16.00–19.00
Onsdag
- Trim for spreke seniorar kl. 10.30–11.30
Torsdag
- Trim med stavganggruppa kl. 10.00–11.00
- Bingo kl. 12.00–13.30
- Kaffetreff for kreftramma kl. 18.00–20.00
Fredag
- Innbyggartorg kl. 12.00–14.00
Laurdag
- Strikkekaffe kl. 11.00–14.00
Søndag
Ta gjerne turen innom!
Er du usikker på kva som kan passe for deg, eller korleis du kan bli med? Ta gjerne kontakt med frivilligsentralen eller kom innom for ein prat.
Velkommen – også du som aldri har vore innom før!