Arbeidet var planlagt og innebar ei større omlegging av vassforsyninga. Dersom noko uventa hadde oppstått, kunne fleire tusen abonnentar ha blitt utan vatn. Heldigvis gjekk arbeidet heilt etter planen, og vassforsyninga vart oppretthalden gjennom heile oppgraderinga.
– Dette var eit arbeid som kravde grundige førebuingar og godt samarbeid. Då alt var gjennomført som planlagt, var det ein stor lettelse, seier VA-teamet ved Teknisk drift.
Teknisk drift vil rette ein stor takk til alle abonnentar for forståing og godt samarbeid. Ei særleg takk går også til verksemder og andre som tok nødvendige førebuingar og viste fleksibilitet i forbindelse med arbeidet.
Oppgraderinga er eit viktig bidrag til ei trygg og stabil vassforsyning for innbyggarane i kommunen.
Vi takkar alle som bidrog til at arbeidet kunne gjennomførast på ein trygg og vellukka måte.