Vi treng fleire støttekontaktar

Surnadal kommune har ledige oppdrag for støttekontaktar.

Bilde av mann sammen med sin støttekontakt.  - Klikk for stort bilde canva.com

Ut i frå tenestemottakars behov oppfordrar vi særleg unge personar og menn til å søke. 

Støttekontakt-tenesta er organisert under eining for Helse og Familie. Tenesta er eit fritidstiltak til den som treng støtte og bistand  til meiningsfulle fritidsaktivitetar for å betre kvardagen sin.

Som støttekontakt har du som oppgåve å hjelpe menneske med funksjonsnedsetting og/eller sosiale utfordringar til eit meir aktivt liv. 

Vi søker etter støttekontaktar for unge, vaksne og eldre med ulike behov.  Aktuelle aktivitetar kan feks vere å delta på trening, kino, ulike kulturarrangement, friluftsliv, gåturar og bilturar saman med den enkelte tenestemottakar.

Krav til søkar 

Støttekontakten må ha fylt 18 år,  vere påliteleg, like å arbeide med menneske, ha evne til samarbeid og å kunne jobbe sjølvstendig. Støttekontakten må i tillegg beherske norsk munnleg godt og ha tilgang til eigen bil.  Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Politiattest iht helse og omsorgstenestelova § 5-4. 

Vi kan tilby

Eit meiningsfylt oppdrag. 

Som støttekontakt får du opplæring og rettleiing.

Godtgjersle 

Oppdraget blir betalt med ein fast timesats etter timeliste som samsvarar med oppdraget. Støttekontakten får dekt reisekostnader til og frå brukar, med kilometergodtgjersle etter kommunen/staten sitt reiseregulativ. 

 

Dersom du er interessert, kan du ta kontakt med Elizabeth Miciano, elizabeth.miciano@surnadal.kommune.no