Surnadal kommune ønsker dialog med lokale entreprenørar og eigedomsaktørar om utvikling av nye omsorgsbustader i kommunen.
Dette er ein open og uforpliktande invitasjon til ein tidleg prat om moglegheiter, før prosjekt og løysingar er fastsette. Kommunen ønsker å nytte lokal kompetanse der det er mogleg.
Ein mogleg modell er at private aktørar:
- utviklar, finansierer og bygger bustadene
- eig og driftar bustadene vidare
Bustadene vil vere for personar med vedtak om helse- og omsorgstenester. Prosjekt kan kvalifisere for investeringstilskot frå Husbanken.
Kommunen kan bidra med faglege innspel, dialog om tomter og regulering, og avklaringar knytt til tenester og drift. Vi er open for ulike løysingar og samarbeid – både for små og større aktørar, og for prosjekt i ulik storleik.
Interessert – eller berre nysgjerrig?
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Dette er ikkje ei utlysing eller konkurranse.
Slik kontaktar du oss
Send oss ein e-post til post@surnadal.kommune.no der de seier litt om bedrifta og kva erfaringar de har, tankar om mogleg løysing eller samarbeid, og eventuelle tomter eller område (dersom aktuelt).
Alle vil få svar. Både individuell og felles oppfølging kan vere aktuelt.