Workshop med gode innspel til tverrfagleg førebygging

Elevar i gruppearbeid - Klikk for stort bilde Surnadal kommune

Stor aktivitet i dag på Surnadal barne- og ungdomsskule:

Workshop for tverrfagleg førebyggingsplan

- Vi inviterte i dag til samskaping mellom aktørar i oppvekstsektoren, både fagfolk, barn og foreldre, med temaet "Korleis skapar vi ein enda betre oppvekst i Surnadal?", seier Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef i oppvekst i Surnadal kommune.

Elevar frå elevråda ved alle skulane i kommunen var inviterte saman med ungdomsrådet og FAU. Tove Mogstad, leiar i hovudutval for oppvekst ønska velkommen og innleia til ein viktig dag med mange aktivitetar og gruppeprosessar. Deltakarane viste stort engasjement og kom med mange gode innspel til det vidare arbeidet med planen.

Tema i planen

Stikkord frå worhshopen: Formål, medverknad, lovverk, nasjonale strategiar og føringar, barnevernsreform, spesialpedagogikk, m.m. Når ein skal samarbeide tverrfagleg er det viktig å bruke felles begrep, som alle kan forstå betydninga av. 

Elevane vart utfordra på kva dei sjølve kan bidra med dersom dei er bekymra for nokon. Dei vart også spurt om kven som kunne vere gode hjelparar. Elevane fekk gi sine tilbakemeldingar på ulike tiltak, og kom med forslag til korleis ting kan bli enda betre eller gjerast på nya og betre måtar. 

Sjølve planen er eit samskapingsarbeid mellom Sunndal, Surnadal og Tingvoll kommunar, som er samarbeidskommunar gjennom Indre Nordmøre Barneverntjeneste. Arbeidstittelen på planen er "Tverrfagleg førebyggingsplan for omsorgssvikt og adferdsvanskar, for barn og unge 0 - 24 år på Indre Nordmøre".

Kvar kommune har sin spesifikke del med skreddersydde tiltak og satsingsområdet, og målet er at planen skal leggast fram for politisk behandling i juni 2023.  For vår kommune tek planen utgangspunkt i sentrale planer, lokale mål i samfunnsplan, lokale undersøkingar og kunnskapsgrunnlag og lokale samarbeidsstrukturar og organisering. 

Illustrasjon av ballong med gode ord vaksne til barn - Klikk for stort bildeIllustrasjon av Camilla Victoria Storm Camilla Victoria Storm