Høyring av klimabudsjett

Surnadal kommune sender ut klimabudsjett på høyring. Klimabudsjettet set mål for utslepp fram til 2035.

Måla er oppdelte i tre delar og strekkjer seg frå 2022 til 2035. Hovudutval for tenesteutvikling gjorde eit vedtak 05.02.2025 om at ein i høyringa skal føreslå følgjande mål:

  • Utslepp frå all verksemd innanfor kommunegrensene: Same mål som dei nasjonale måla fram til 2035, korrigert for potensial i ulike sektorar.
  • Utslepp frå fjernvarme, reiser og drivstoff i kommunen si verksemd: 60 % reduksjon.
  • Straumforbruk: 40 % reduksjon i forbruket og straumen skal vere fornybar. 
  • Det er føreslått at nedgangen skal vere lineær. 
  • Utslepp frå innkjøp vert haldne utanfor måla på grunn av at dette er vanskeleg og ressurskrevjande å berekne. For å likevel gjere ein skilnad innan dette området, vedtok HTU at klima og miljø skal vektleggast 30 % i alle innkjøp, noko som òg er lovfesta.

 

Vi ber om innspel innan 31.03.2025. Innspelet må vere skriftleg og sendast til kommunen på e-post (post@surnadal.kommune.no) eller post (Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).

Du finn høyringsdokumentet her (PDF, 222 kB).