Høyring: Nye vedtekter for kommunale barnehagar i Surnadal

Forslag til endring av vedtektene frå 01.05.2017 er lagt ut til høyring med frist 31.oktober.

Sidan vedtektene vart rullert sist har det skjedd endringar både i lovverk og strukturar i kommunen. I tillegg må vi sjå på alle moglegheiter for å sikre ei berekraftig økonomisk drift av kommunen sine tenester og oppgåver.

Vedtektene er ei lokal forskrift, og dersom noko skal endrast, skal forslaget som hovudregel leggast ut på høyring, jf. Forvaltningslova §37. Hovudutval for tjenesteutvikling har behandla saka i møte 27.08.24 som sak 47/24 og fatta vedtak om at endringsforslaga blir lagt ut til høyring.

Målgruppe:

 Målgruppa for høyringa er foreldre og tilsette i barnehagen. I tillegg er forslaget lagt ut her.

Informasjon kring høyringa:

Einingsleiar vidaresender høyringsnotatet med vedlegg til foreldras arbeidsutval (FAU),  samarbeidsutval (SU), tillitsvalde og verneombod ved barnehagane i kommunen.

Fristen for høyringa er 31.10.24

Einingsleiar ved dei enkelte skulane sørgjer for at det vert kalla inn til møte i barnehagens samarbeidsutval (SU) og at medlemmane får saka med vedlegg utsendt på førehand.

Ein ber om skriftleg tilbakemelding frå utvala det gjeld. Andre som ønskjer det, kan også kome med uttale.

Saksgang for fastsetting av lokale forskrifter etter reglar i ny opplæringslov

Hovudutval for tenesteutvikling behandlar saka om fastsetting av Vedtekter for kommunale barnehagar i Surnadal. Etter at vedtektene har vore på høyring, blir dei behandla på nytt i utvalets møte i november, der det blir fatta eit vedtak som blir sendt vidare til kommunestyret.

Vedtektene vil bli sluttbehandla og vedtatt i kommunestyremøte 28.11.24 Deretter vil dei kunngjerast med verknad frå 1. januar 2025.

Høyringsdokument

Les dokumentet Nye vedtekter for kommunale barnehagar frå 01 01 2025 (PDF, 144 kB)