Om høyringa
Høyringa er frå Helsedirektoratet og gjeld utkast til nasjonal veiledar.
Nasjonal veiledar for prioriteringar i kommunale helse- og omsorgstenester er på høyring frå 15. august til 15. november. Høyringa er offentleg, og alle er velkomne til å gi høyringsinnspel.
Høyringsinstansar er statlege og kommunale verksemder, samt lag og organisasjonar, men også øvrig befolkning og aktørar som jobbar inn mot kommunale helse- og omsorgstenester.
Nasjonal veiledar for prioriteringar i kommunal helse- og omsorgstenester er utarbeidd av Helsedirektoratet på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Bakgrunn for oppdraget er Meld. St. 38 (2020-2021) Nytte, ressurs og alvorlighet - Prioritering i helse- og omsorgstjenesten (regjeringen.no).
Veiledaren er meint å fungere som ein prosessveiledar, og kjem med anbefalingar til fagleg god praksis i arbeidet med prioriteringar i kommunale helse- og omsorgstenester. Den gir anbefalingar til bruk av prioriteringskriteria nytte, ressurs og alvorlegheit og til gode prosessar for prioritering av tiltak og tenester i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Veiledaren har til hensikt å bidra til kunnskapsbaserte prioriteringer på politisk, administrativt og klinisk nivå.
Utkastet til nasjonal veiledar ligg på eiga høyringsside hos Helsedirektoratet ut høyringsperioden og innspel gis ved å fylle ut eit Forms-skjema.
Høyringsbrev - Nasjonal veiledar for prioriteringar i kommunale helse- og omsorgstenester (PDF, 137 kB)
Lenke til høyringsside (Helsedirektoratet)
Lenke til høyringsutkast (Helsedirektoratet)
Lenke til Forms-skjema for innspel (Helsedirektoratet)