Vedtekter til SFO - forslag til endring

Høyringsfrist 03.06.2026

Om høyringa

Som følgje av dei siste endringane i vedtektene for barnehagane i Surnadal, er det ikkje lenger samsvar mellom stengde ferieveker i barnehage og SFO. Det er difor behov for å endre vedtektene for SFO slik at stengde ferieveker blir samordna mellom tilboda. 

Ved siste endring av vedtektene for SFO vart det vedteke at SFO skal halde stengt på to planleggingsdagar per år, éin i hausthalvåret og éin i vårhalvåret. Skule og SFO er organisatorisk tett knytte saman, og brukar i stor grad felles personalressursar. 

For å sikre forsvarleg planlegging og systematisk kvalitetsutvikling for alle tilsette i skulen, er det ønskje om å kunne halde SFO stengt på fem kurs- og planleggingsdagar i løpet av året.

Vedtektene for SFO i Surnadal vart sist revidert den 06.06.2024.

Vedtektene er ei lokal forskrift, og dersom noko skal endrast, skal forslaget som hovudregel leggast ut på høyring, jf. Forvaltningslova §37.

Hovudutval for tenesteutvikling har behandla saka i møte 22.04.2026, sak 12/26.

Følgande vedtak vart fatta:

“Forslag til endring av vedtektene for SFO- ordningane i Surnadal frå 01.08.24, vert lagt ut til offentleg høyring. I tillegg vert forslaget sendt til foreldras arbeidsutval (FAU), skulane sitt skulemiljø - og samarbeidsutval(SSU), tillitsvalde og verneombod ved skulane i kommunen.”

Rektor /einingsleiar ved dei enkelte skulane sørgjer for at det blir kalla inn til møte i dei utvala som er nemnt over og at medlemmane får saka med vedlegg utsendt på førehand.

Høyringsdokument

I høyringsdokumentet Vedtekter til SFO - forslag til endring (PDF, 311 kB) finn de forslag til nye vedtekter med føreslegne endringar i raud skrift. 

Høyringsfrist

Fristen for høyringa er 03.06.26.  Ein ber om skriftleg tilbakemelding frå utvala det gjeld. Andre som ønskjer det, kan også kome med uttale.  

Send innspel til post@surnadal.kommune.no