Feiing og tilsyn i bustad

Tilsynet omfattar kontroll kvart fjerde år av

  • Sotluker
  • Feiarluker
  • Omn
  • Brannmur
  • Oljetankar/røyrsystem
  • Røykrør
  • Skorstein.

I tillegg blir det utført visuell kontroll av pulverapparat og kontroll av røykvarslarar, samt opplysnings- og informasjonstenester. Tilsynet blir dekt også av feiaravgifta.

Teknisk kontroll

Kontrollen blir utført etter ønske frå huseigar som ber om undersøking av sin skorstein. Slik kontroll blir utført mellom anna både på nye skorsteinar og skorsteinar som har hatt branntilløp.
Feiarvesenet foretek kontroll og gir rådgjeving/rettleiing ved montering av omnar og rehabilitering av skorsteinar.

Takstigar

Feiarane registrerer og kontrollerer takstigane på husa. Kravet om fastmonterte stigar er innskjerpa.

Varsel om feiing og tilsyn

Normalt blir det varsla om feiing ein eller to dagar før feieren kjem. Varslet skjer ved skriftleg varsel i postkasse eller liknande. Huseigar skal da reise stige som ei stadfesting på at ein vil ha feiing. Dersom du har problem med å få reist stigen sjølv, ta gjerne kontakt med feiaren for å få hjelp.
NB! Stigen må sikrast, slik at feiaren har ein mest muleg trygg arbeidsplass.
Også tilsyn blir varsla på same måte, med skriftleg varsel i postkasse eller liknande. Dersom oppgjeve tidspunkt ikkje passar, ta kontakt, slik at ny tid kan avtalast.

Kontaktinformasjon

Hans Christian Hårstad
Feiar
E-post
Mobil 907 77 715