Kven får tilbodet?
Alle som har ei funksjonsnedsetting som er varig -minimum 2 år- kan søkje om utlån om tekniske hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.
Om du ikkje fyller kravet om 2 år så kan vi som regel låne ut hjelpemiddel frå kommunalt lager/korttidslager. Krykker må du skaffe sjølv og er å få kjøpt på sjukeheimen. Prisen er kr 150,- pr stk. Her kan du også kjøpe doppsko og ispigger.
Reparasjon av hjelpemiddel
Ta kontakt med vaktmester Per Helge Bævre tel 412 30 451 eller ergoterapeut Arnhild Sæter 482 07 149 så ordner vi med reparasjoner.
Innlevering av hjelpemiddel
Når behovet for eit hjelpemiddel er opphørt, så ta kontakt med vaktmester eller ergoterapeut for å avtale henting/levering.
Kva kostar det?
Alle lån av hjelpemiddel er gratis, men skal leverast tilbake til kommunen ved ergoterapeut eller vaktmester når det ikkje er behov for dei lenger.