Influensavaksinering

Bilde som viser influensavaksinering - Klikk for stort bilde canva.com

Alt du treng å vite om bestilling og gjennomføring av influensavaksineringa.

Informasjonen på denne sida blir oppdatert ved den årelege influensavaksineringa.

Informasjon om influensavaksinering og pneumokokkvaksinering 

Årets influensasesong er venta å bli noko verre enn normalt på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka under covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den. Pneumokokkvaksinen er anbefalt kvart 5. år. Sjå kven som er anbefalt vaksiner under. 

Slik bestiller du vaksinering i 2022

Før du kan møte opp til massevaksineringa på Surnadal kulturhus må du bestille deg time. 

  • Du kan bestille deg time ved å gå inn på  c.19.no/influensa og velje Influensavaksinering
  • Du kan ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom kl. 09.00- 15.00.

Tid og stad for vaksinering 2022

Det blir vaksinering på Surnadal kulturhus desse dagane:

  • måndag 31. oktober
  • tysdag 1. november

Prisar 2022

I år må du betale for vaksiner (gjeld ikkje barn):

  • kr. 265 for influensavaksine
  • kr. 450 for pneumokokkvaksine
  • kr. 600 for begge vaksiner samtidig

Betaling kun med kort og vipps ved oppmøte.

Desse er anbefalt influensavaksine

Massevaksineringa desse dagane er eit tilbod til alle 65 år og eldre og personar som tilhøyrer ei av risikogruppene under: 

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år (Slik vaksinering blir gjort på helsestasjonen)
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjerte- og karsykdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine anbefalt til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har jamleg kontakt med levande griser 

Føresette med barn i risikogruppa tek kontakt med helsestasjonen (716 55 880) for vaksinering. Andre kan bli vaksinerte via fastlegen sin eller på apoteket. 

Desse er anbefalt pneumokokkvaksine

Frå september 2022 er du anbefalt å ta ny dose kvart 5. år. Før var det 10 år. Gå inn på Helsenorge.no og Mine vaksiner for å finne tidspunktet for siste vaksinasjon og ha dette klart ved bestilling av time.

Du er anbefalt å ta vaksinen dersom du:

  • er over 65 år 
  • har sjukdom som gir immunsvikt
  • brukar medisiner som svekker immunforsvaret
  • har ein kronisk sjukdom eller tilstandar som gir auka risiko for pneumokokksjukdom
  • Personar som gjennom yrket sitt har auka risiko for smitte, som f. eks. laboratoriepersonell og personar som er eksponert for sveiserøyk  

Praktisk informasjon

Du kan parkere på dei vanlege parkeringsplassane på Skei. Vi har vaksinevertar inne på kulturhuset som hjelper deg med å finne plassen din, på same viset som under koronavaksineringa.

Dersom du er sjuk skal du ikkje møte opp til vaksinering. Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din. 

For at vaksineringa skal bli gjennomført lettast muleg, er det ønskjeleg at du har på deg overdel med ermer som er lette å brette opp. 

Vel møtt til avtalt time!

Kontaktinformasjon

Vaksinetelefon Surnadal
Måndag og fredag kl. 12.30 - 15.00
E-post
Mobil 91 37 90 01