Innsyn i pasientjournal

Ein pasientjournal er informasjon om deg og helsehjelpa du har fått.  Alle former for pasientjournalar er omfatta av innsynsretten. Du kan be om innsyn i pasientjournal, bilag og vedtak.

Kva har du rett til?

  • Du har rett til å sjå journalen din.
  • Du har rett til å vite kven som har sett journalen din.
  • Du har rett til å vite kven som har fått opplysningar frå journalen din.

Pårørande eller andre med fullmakt kan også ha rett til journalinnsyn. 

Innsyn i Helseplattformen

Helseplattformen er vårt journalsystem for kommunale helsetenester, med unntak av fastlegejournal.  

Du kan be om journalinnsyn i Helseplattformen via pasientportalen HelsaMi: Logg inn og klikk på knappen Dokumenter og vedlegg. Velg Innsyn i journaler og følg instruksane.

Du kan be om journalinnsyn ved å sende skriftleg førespurnad til Helseplattformen.  Oversikt over ulike skjema og informasjon (Helseplattformen).

Utfylt skjema sender du til Helseplattformen sin journaladministrasjon. Postadressa du skal bruke står oppgitt i kvart skjema. 

  • Vi gjer merksam på at det er lang saksbehandlingstid hos Helseplattformen sin journaladministrasjon.
  • Treng du hjelp til å skrive ut skjema kan du ta kontakt med Sørvistorget. 

Innsyn i fastlegejournal

Den kommunale legetenesta er ikkje tilknytta Helseplattformen.  For å be om innsyn i fastlegejournal kan du henvende deg til kommunen. Informasjon om våre rutiner for å begjære innsyn. Vi oppfordrar til bruk av sikker digital post (eDialog).

Relevant informasjon:

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med kommunen.