eDialog - Send sikker digital post til oss

Vi har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei er unntatt offentlegheit.

E-post er ein usikker kanal

Mange sender dokument til kommunen via e-post.  E-post kan vere ein usikker kanal, e-postar kan bli stoppa i spamfilter eller ikkje komme fram av andre årsakar. 

Bruk eDialog

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal.
Vi oppfordrar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!

Send brev sikkert med eDialog her.

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir).

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss (dokument må vere i PDF-format).

Slik fyller du ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel:  Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom dette er kjend.
  • Kommentar:  Gi gjerne ein utfyllande beskriving av forsendinga di.
  • Husk å laste opp relevante vedlegg i PDF-format.
  • Klikk på "Send forsendelse" - forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem. 
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post.

 

Fordelane med eDialog er fleire:

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsender
  • Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem


Vi anbefalar deg å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unntatt offentlegheit.

E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og henvendingar som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem.

Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • Surnadal kommune har elektroniske skjema til formålet, for eksempel søknad om plass på barnehage, SFO og kulturskule, søknad på stilling og så vidare.

Våre skjema finn du her.

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betjent sentralbord: 09:00 - 15:00