Statusoppdateringar for Surnadal kommune under covid-19

Samleside med nyheiter og aktuell informasjon.

Teststatistikk for Surnadal kommune - oppdatert kvar veke

Teststatistikk for Surnadal kommune - oppdatert kvar veke
Månad Antal testar Påvist covid-19
Mars 149 1
April 127 1
Mai 44
Juni 32
Juli 146
August 423 1
September 467 2
Oktober 285 1
November 269
Desember 363 2
2021
Januar 348 4
Februar 176
Mars 275 4
April 255 1
Mai 163
Juni 139
Juli 166
August 121
September 290
Oktober 20 1
Totalt 20/21 4256 18

Mange brukar no sjølvtestar heime. Desse er ikkje inkludert i antal testar i statistikken.

 Frå og med måndag 16. mars vil både Dagsenter for eldre (v sjukeheimen) og Dagsenter for demente, Inn på Tunet, både med Solveig Haglund og Helga Bele vere stengt til ein får ny beskjed. Dette vil minst vare i 14 dagar.

I tråd med førebyggande smitteverntiltak blir Surnadal kommunehus stengt for besøkande frå og med i dag, 16. mars og inntil vidare. Vi oppfordrar til å ta kontakt med oss via e-post og telefon.  

 

I tråd med innføringa av nye nasjonale smitteverntiltak ønskjer vi å minske risikoen for smittespreiing ved å unngå fysisk oppmøte/besøk som ikkje er strengt nødvendig.

Surnadal kommune vil komme med meir informasjon om handteringa av dei nye nasjonale tiltaka som vart presentert av helsemyndigheitene og regjeringa kl. 14.00 i dag. Kommunen arbeider no med å sikre at personell med samfunnskritiske oppgåver innan ulike tenester, bedrifter og institusjonar får tilbod om barnepass når alle skular og barnehagar blir stengt frå kl.18:00 i dag 12. mars.  

Inntil vidare: Det er ingen som kan sende barna sine på skule eller barnehage i Surnadal kommune i morgon, utan at dei har fått beskjed om dette frå kommunen.

I samråd med nasjonale helsemyndigheiter, fylkesmann/fylkeslege har Surnadal kommune heva beredskapsnivået og sett krisestab. Dette betyr at situasjonen kring smittespreiing av koronaviruset blir overvåka frå dag til dag og at tiltak for å hindre smittespreiing raskt kan bli meir inngripande. Surnadal kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner og rår tilsette og innbyggjarane om å følgje med på kommunen sine nettsider og følgje desse råda. Surnadal kommune har i tillegg gjort særskilte tiltak for å sikre kontinuitet i høve til beredsskap og overfor tilsette.

I tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet innfører Surnadal sjukeheim førebyggande tiltak for å hindre at smitte kjem inn på institusjonen. På noverande tidspunkt gjeld dette først og framst å begrense omfanget av besøk utanfrå.